
Eit veldig sjarmerende program, informativt, dog ganske forelda og dei elskar kunstgjødsel. Men gjer ein det ein lærer her, og legg vekt på gullvatn og kompost som gjødsel, er dette supre videoer.
https://tv.nrk.no/serie/hagebruk
Jordboka av Dag Jørund Lønning
Det du ikkje lærer om jordliv i NRK serien, kan du lese om i Jordboka. Jordlivet er alfa omega for at å dyrke eigen mat skal vere miljøvennlig og effektivt. Etter å ha lese denne, kjem eg ikkje til å grave meir. I vertfall aldri dobbelgrave og frese… frese.http://jordboka.no/kjøp%20boka.html
Håndbok i selvforsyning, av Bella Linde og Lena Granfelt. Om du treng inspirasjon og ei lettlest bok er denne tingen. Den inneheld ikkje så veldig mange fakta, men om tanken på å dyrke sin eigen mat, er spennande men utopi. Så kan denne vise deg at det slett ikkje er så vanskelig, tidkrevjande eller plasskrevjande.
Blogger :
Datsja av Halvor Nordrum
Korleis kan ein ta steget mot sjølberging, spesielt om det vert heilt naudsynt. Her skriv han om korleis ein kan få avling, heilt uten moderne remedier, til og med utan straum og fiberduk, om det vert kravd.
Eg vil oppdatere denne lista litt etter kvart .
Kva er di favoritt bok om dyrking eller matauk? Eller kva blogg følger du med?
One Comment Add yours