Oppal

Oppal på Sunnmøre

Eg sår paprika heilt i starten av mars. Vanskelig å vente, men eg veit av erfaring, at her på desse kantar, gjer ein det lurt å vente litt 🙂 I slutten av mars sår eg kepalauk og purre. I april begynner eg å så kål, mangold og liknande. Dette for å få gode planter å plante ut i karmer og høgbedd. Dei kan såast direkte og, mange av dei. Men nokre, som hovudkål, rosenkål og raudkål, må ha oppal, for å rekke avling her. Eg køyre oppal på det meste, så kanskje eg rekk meir enn ei avling i hagen.

Her årets innkjøpte frø. Haugen med frø frå i fjor og lenger før, kan eg ikkje vise fram for folk, veks gitt :p

Jamvel om eg kjøpte mange frø, hadde eg ikkje kjøpt ein einaste frøpose med tomat! Gjekk fint, for eg hadde fire poser frå før. La tre eller fire frø i kvar potte, i tilfelle dårlig spiring. Eg sår tomat i midten av april i år.

Eg manglar alltid etiketter og merkepinner. For kven kjøper fleire hundre små merkepinner? I fjor brukte eg ispinner. Det gjer eg ikkje igjen! Dei mygla og blei kjapt uleselige. Men joghurt et vi i store mengder, slik flaks!
Lyt skaffe med ein tusj med mindre spiss, mi mindre pene skrift, vert ikkje finare av sprittusj.
Gulrot på friland har gått greit her. Men dei er utsett for snopesjuke unger. Difor har eg aldri gulrøtter nok til lagring. Dette håper eg å endre i år. Dersom eg sår fleire hold framover, etter kvart som kartongane tømest for mjølk, bør eg auke avlinga betraktelig.
Eg har ikkje greidd å lage eiga såjord i år heller. Jamvel om eg planlegg det kvar vår, at neste år skal det skje! I år kan eg skulde på været. Det har då våre den kaldaste vinteren i manns minne, på desse kantar. For eg hadde sirlige lagt plengras, lauv og sand lagvis i eit par pallekarmar. Men då dei har vore gjennomfrosne heile vinteren, har ikkje makken greidd å omdanne det.. Så då blander eg torvfri kjøpejord med litt sand. For rein plantejord kan verte for sterk kost for spirane. Eg har kjøpt to sekker jord i år.
Det tek litt tid å fylle ei og ei potte. Om du ikkje har kjøpt potter enda, anbefaler eg pluggbrett. Då heng mange, pyramideforma potter saman, så går det mykje raskare å fylle dei og flytte dei dei omkring.

Eg har oppalsrommet på badet på loftet. Det er stort, og lite i bruk. Man tager hva man haver. Med toåring i hus, må slikt vere bak ei låst dør… 😛

Drivhusa tok eg i bruk i starten av april. Har frostvakt, men det har vore grei temperatur, så den er ikkje i bruk. Eg har heile oppalet til andelsgarden i Ørsta å passe på, i tillegg til mitt eige, men det går fint 🙂 Eg vil skrive eit eige innlegg om andelslandbruk .

Tomatfrøa virka, det kan eg love deg!

Så no lyt eg potte om, før røtene veks saman!

Gaffel er god reiskap til det 🙂

Dei vert litt herja med, men dei fleste kjem seg kjapt, og digger ny jord:)

Sida vi no lir mot siste halvdel av april, sår eg og agurker, squash, melon og graskar. Trulig litt tidlig, her på Sunnmøre, kan kome frost 1.juni… Men eg tenkjer eg skal greie det, med gode plantelys på badet, kalde drivhus og pallekarmar med lokk.

Så har eg skaffa meg nokre pluggbrett, og tek eit hold til med kålplanter.

Neste steg bør bli utplanting, for no blir det fullt 🙂

Vil du dele eit bilete av ditt planteoppal?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s