Opphøgde dyrkingsbedd og Hugel.

Kjært barn har mange namn. Men hovudtanken, er å ha eit grønnsaksbedd, som ein aldri trakker i og som er høgare enn bakkenivået. Eg bruker stort sett to typar. Hugelkultur og pallekarmar.

Ein hugelkultur er bygd opp slik: (frivillig) papp i botnen, store biter av tre, mindre biter av tre, mjukt organisk materiale, jord og jorddekke.

Hugelkultur med trestokker, tang og hønsegjødsel med spon i. Har ein bokashikompost, hagekompost, hageavfall, alt går i hugelen.

Så dekkjer eg det heile med jord frå gangstien. Det er jo litt sløsing å trakke på matjorda. Steinen får ligge i stien. Om ein har plen, snur ein berre torva oppned.

Her har eg spadd ferdig. Tek litt på ryggen. Sopass hardt arbeid, at eg sorterer det under styrketrening, så eg slepp det i dag !

Så går eg til alle ruskedungane i skogen, tett ved huset mitt, å henter det resten av nabolaget har kasta der. Nokre har eg tilogmed fått til å tøme trillebåra i hagen min 🙂 Eg er ikkje i nærleiken av å kunne produserer nok dekke sjølv, då eg aldri raker plen og knapt har plen att. Så det er veldig kjekt å sleppe å rake lauvet saman i skogen! Men dekke får eg aldri nok av, i vertfall ikkje no, når eg bygger hugelkulturer i fleng.

Pallekarmar.

Litt «reinare» linjer, og lettare å slenge ein opp, når ein har organisk materiale å bli kvitt.

Eg tynna ei Raudhyll, og held på å klippe bort ein Rododendron. Det går i botnen. Eg dekka ikkje med papp fyst, men det kan vere lurt, om ein har ugras.

Ugrasrøter. Går dette bra, utan å berre bli eit bedd med ugras, kan ein bruke alt. Det er nemelig nesten berre skvallerkål røter. Vi plannerer eit grusområde for å legge belegningsstein og bygge vinterhage, og då bør ugrasrøter bort. Og eg dumper ingenting i skogen!

Eit lite lag jord, frå utegarden til hønene.

Jippi, ei bøtte bokashikompost er klar! Kunne brukt ti ganger så mykje i hagen, uten problem.

Eg har høns og ender, så kaffegrut, skrell, skal og tørkerull, er stort sett det bokashien min får.

Bland med jord, og topp med jord.

Så skoga eg tak i noko jorddekke. Lauv og daudegras denne gangen. I sesongen, plengras.

Legg på lokk eller gitter av eit eller anna. Så dyr ikkje krev i den med det fyste. Hadde det vore litt meir vår, hadde eg planta ut på direkten. Men lyt smørje meg med tolmod. Her kjem truleg squash og graskar.

Har du eit favoritt høgbedd?

2 Comments Add yours

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s