Latmannspoteter

Fryktelig namn, burde heller kallast pionermetoden.

For det er ein fantastisk måte å omgjere uproduktiv, arbeidskrevande plen, til høyverdig land for dyrking. Ikkje nok med det, du får poteter du nesten ikkje må grave etter ein gang. Spela inga rolle kor stor eller liten hageflekken er. Mat blir det!

Ta det av papp ein har for handa. Eller aviser. Legg med overlapp, slik at lyset ikkje når graset nokon stad.

Legg på sertifiserte settepoteter, eller settepoteter frå eigen hage, frå fjordåret. Eg har Ariel tidlogpotet frå min eigen hage i fjord. Frosten har akkurat gått ut av bakken, dei fleste stadane i hagen, vi er i midten av april.

Dekker til med noko eg fann på nabolaget sine ruskedunger, ser ut som nokon har klipt plenen sin for å samle lauvet. Veldig lurt, veldig finfordelt for meg. No må eg berre fortsette å dekkje, til midten av juli.

Her er det kome mykje poteter!

Dei har i løpet av sommaren fått eit tjukt lag med ukompostert hestemøkk. Noko skurv er det på ein del av dei, men det har nok mykje med den utrulig varme våren å gjere, tørt store dela av sommaren. Eg har knapt vatna, to gongar kanskje. Jorddekke held bra på fukta 🙂

Så mykje potet frå tidligare grøn asfalt monokultur, i skråning, ikkje brukt til noko som helst. Flott utgangspunkt med laus jord og kompost til ein svær hugelkultur.

Skal du konvertere plen til matjord denne våren?

One Comment Add yours

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s