Insektshotell

To føremiddagstima, meg og fire unga , blei dette fantastiske insektshotellet 🙂

Det skal vere tak på slike krypinn, og eg har ståande eit flyttbart, ganske udugelig hønsehus. Dei har eit mykje betre eit, og dette brukar vi ikkje lenger. Men kjekt å kunne gjenbruke det ei stund til!

Forskjellige insekt har forskjellige behov, så her går eg for variasjon!

Ungane fekk slite ut to drillbatteri!

Froskane har fått underetasjen. Ein pallebit, fliser som låg og slang, ein kloakkrør til inngang (kattesikkert). Desse snigeletande skapningane vil eg ha fleire av! Eg har forsøkt med ender, men det blir så mykje møkk og øydelegging. Froskar derimot, røyve ikkje grønnsakene og grev ikkje opp jorda 😉

Håper på humler eller noko anna som liker seg i ullhus. Spissmus er heller ikkje å forakte, dei og et skadedyr!

Litt dårlig med innhola kvist tidleg på våren. Det meste av slikt vert ganske nedbrote over vinteren. Eg får fylle på meir til sommaren! Parkslirelerke har nokon slengd bort i skogen her. Svartelista plante, men den dug bra til slikt bruk.

Eit daut tre med Tjuke på, er heller ikkje å forakte!

Begynner å ta form 🙂 Nokre potter blei fylde med høy, og lest inni. Samt ein heilt del ved, godt hola av ungane.

Nesten til taket! Litt plass til nokre leirklumpa, sand i potter og andre ting eg finn ut er lurt utover sesongen!

Skal du byggje eit lite eller stort insektshotell dette året? Behovet for blomar og «reirplass» er stort!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s