Når eg driv å planlegg neste sesong, prøver eg å hugse kva eg hadde for mykje av. Sjølv for ein sunnmøring… I 2018 var dette :
Bringebær.
Veldig godt i starten, men blei grådig lei av å plukke og ete på slutten :p Så ikkje noko utviding av bringebærlandet, basta! Har framleis mykje bringebær i frysaren. Mengder av rørt bringebærsylte!
Squash!
Gjekk til naboane å gav vekk kilosvis. Har nokre liter most og fryst og, lyt prøve og hugse å putte i neste brøddeig!
Sukkererter
Dei er nydelig gode, ferske i sesong! Dette blei reint for mykje og litt til. Bøttevis faktisk…
Når dei er komne så langt som denne siste, dug dei faktisk som grønerter i ertestuing. Men skal så nokre som faktisk er meint for det i år!
Då er det berre å glede seg til sommaren og grøderikdommen!