Noko hadde vi passe mengd av og noko kan vi aldri få nok av!
Nokre vekster treng berre stell og tid, så blir det meir. Til dømes eple. Nokre påstår at epler herifrå (Ørsta på Sunnmøre, ikkje Hardanger) ikkje vert gode. Trulig fordi dei har smaka på nokre sure knerta då dei var små… Eg kan skrive under på at Aromaeple er like gode her! Eg har tre aroma og tre søyleepletre, så det skal nok verte nok om eit par års tid 🙂
Knutekål
Om du tenkjer på den søtaste Rabba du har smaka, og slenger på eit lite hint av eple og ekstra søtning, då er du ganske nært Knutekål 🙂
Jordbær
Går det and å få nok? Einaste i hagen eg ikkje treng tenke på å plukke, for det fiksa ungane! Får sjå om vi får dekke behovet i år, eg har fleirdobla talet på jordbærplanter! Vi berre elska jordbær, ferske og rørte. Rørt jordbærsylte trur eg dankar ut sjokolade!
Blomar
Både til meg og innsekta. Eg skal så mange etande blomar til våren. Vakre i hagen og i maten! Kanskje plante nokre seljekvistar. Blomane på desse er nemmelig den fyste kjelda til nektar for bier, humler og andre insekt som treng det:) Solsikka er etande 🙂
Elles eg ha meir av det meste, jo nærare sjølvberga, di betre! Sjå gjenstår det å sjå om eg greier det utan å måtte arbeide meg i hel. Men hugelane er jo bygde, og med jorddekke skal det gå bra utan ugrasinvasjon og vatning. Eg krysser fingrane og starter oppalet!