Du treng :
kokte poteter eller gårsdagens potetstappe.
Jordskokk. Ca. 1/5 så mykje som potet.
Lauk
Kraft
Andre rotgrønnsaker du treng å bruke opp
Sopp
Blomkål
Kokt byggryn
Slik gjer du:
Dette er ei krema, jordskokk og potetpuresuppe. Som egentlig betyr ei suppe som er jamna med potet, med fløyte og jordskokk som smakstilsetning 🙂
Suppa kan varierast i det uendelige. Basen er å surre løk og grønnsaker i smør.
Når grønnsakene er møyre, hell i krafta. Eller slik eg må med mi heimelaga, innkokte og hermetiserte kraft: spade den ut med skei!
Kok litt, ha i kokt potet og køyr glatt med stavmixar. Tilpass tjukta med meir potet, kraft eller fløyte.
Sopp gjer seg godt i lag med jordskokk. Eg har fleire glas eigenplukka, hermetisert i matboda. Korleis eg hermetiserer soppen, skal eg vise i eige innlegg til hausten. Sopp og blomkålbukettar får småkoke i suppa til blomkålen er møyr.
Eg har dandert suppa med kokt byggryn, skvallerkål og graslauk.
Jordskokken gjev suppa ein mild aroma av bålrøyk. Men godt det, i små mengder 🙂
Tenk å finne så mykje ute i hagen allereie i starten av mars!
Jordskokk
I mengder! Dette var ikkje alt frå ei plante ein gang.
Graslauken kjem tidlig 🙂
Skvallerkål
Forhatt ugras, men eigentlig ei forvilla grønnsak!
Har du noko i hagen du kan hauste når snøen tøya?