Før eg byrja med å skrive om kompostering, bivokspapir, såpekoking og liknade, tenkte eg å kome med ein liten introduksjon til temaet zero waste. Altså å slutte å øyde resursane.
I alle utvikla land, har vi gått frå å eige ting, til at tinga eig oss. Vi kjøper ting vi ikkje treng. Reklame, mote og ynskje om status gjer at vi prøver å kjøpe oss lykke gjennom å kjøpe ting. Tinga treng plass, då kjøper vi større husvære. Men lykke kan ein ikkje kjøpe for pengar.
Det går fint å leve eit liv utan unødig øyding av resursar. Det fins ei trapp av tankar ein bør gå, før ein skaffar seg nye gjenstandar og når ein går igjennom dei ein har.
1. Nei takk.
Treng du dette? Greier du deg utan? Heilt sikker?
2. Gjenbruk
Om det er noko du verkelig treng, så sjekk fyst om du får tak i det bruk. Då vert det produsert ein mindre ny gjenstand i verda, og presset på resursane minsker.
3. Gjer om
Treng du noko, og har noko som kan gjerast om for å bli det? Omsydde kle er døme på dette.
4. Resirkuler
Har du dratt noko i hus, som ikkje kan brukast meir, la resursane gå tilbake til kretslaupet. Vi har avgrensa mengder med aluminium, og olja bør bli der den er.
5. Komposter
Det som er att skal komposterast. Eg vil ta for meg Bokashi og hagekompost.
6. Forbrenning
Nokre ting er betre å leggje i restavfallsdunken. Til dømes ynskjer eg ikkje mikroplast i matjorda mi. Då vi framleis har nabbiperler, plaststøv, og øydelagde gjenstandar gjenbruksstasjonen ikkje vil ha, ender det framleis litt i dunken. Men vi vert stadig flinkere 🙂
Di flinkare ein er på toppen, di lettare vert det på botnen. Å ynskje seg opplevingar og gjenstandar ein treng, hjelp mot billig plast fjas.
For motivasjon, anbefaler eg desse to Netflix publikasjonane : The Minimalists og Maria Kondo!
Begge desse fokuserer på det positive med å eige færre ting, og berre eige det som gjev glede 🙂
Naturen gjev meg glede, og den har eg heldigvis rett utanfor døra. Den gjev meg ro, mat, ved og trening.
Skrive etter inspirasjonsforedrag med Kristine Ullaland 🙂
https://gronarekvardag.no/author/kristineullaland/
va gjev deg glede?