Bokashi

Eg har prøvd varmkompost, eg har prøvd makkompost… Aldri igjen… Begge desse må pleiast som levande dyr. Tilstrekkelig vatn og mat av rett sort og mengde. Og ikkje vert det gruful lukt, makkar som stikk av eller døyr, flugeinvasjon ect.

Bokashi derimot. Her kan du putte alt i bøtta. Kaffifilter, apelsinskrell, beinranda på ein laks på 10 kg, 2 liter rekeskal, tørkerull og potetskrell. Alt som ikkje er flytande eller plast i. Ingen mengdebegrensing, ein kan bruke 3 vike på å fylle bøtta, eller ein dag, går like fint.

Det hønsa ikkje et, det går i bokashien her. Krukka til høgre går i bokashien.

Eg tømer krukka når det er fullt (ja nokre gongar renn det over fyst). Helst ein gong for dag. Trykker matavfallet litt saman og stør på bokashi strø, kjøpt på bokashi.no. Ei spiseskei eller so pr. Liter, eg berre strør på. Bokashibøtta står under vasken på kjøkkenet, til den er full. Der etter i minst 14 daga, ved ca 20 grader, på eit kott på loftet. Ein kan ha bøtta kvar som helst, men i romtemperatur. Eg har stort sett 4 fulle bøtter før eg tømer 3-4 i ein sleng.

Ein må ikkje ha spesialbøtter. Ei tett bøtte og opprivne aviser dug og. Eg treng berre tappekrana i vekstsesongen. Elles tappar eg ikkje av.

Etter 14 dagar eller lengre, må den gjæra matkomposten blandast med jord. Det kan eg gjere direkte i hagen mesteparten av året. Her i ein pallekarm eg skal dyrke squash og graskar i.

Eg grev ei hole og tømer i den gjæra kjøkkenkomposten.

Så blander eg godt inn jorda med greip. Deretter er det berre å toppe med jord.

Nokre seier at ein bør vente 3-4 vike med å plante ut eller å så. Eg gjer det som passa. Er det midt i sesongen, blir denne ikkje ståande naken.

Nokre stadar har ein opplevd at dyr grev opp bokashien. Då kan ein dekke til med eit kompostnett eller driv lokk.

Om vinteren, når snøv eller is ligg i grønnsakslandet, blander eg det ned i jorda i drivhuset. Der er ikkje varme eller vatn på, så går fint and å grave i. Så skal det jord på toppen og.

Eg brukar jorda som er der, eller fyller på med jord frå utegarden til hønsa. Dei får mengder med lauv, tang, hestemøkk osv. Gjennom sesongen, sand, alt etter kva eg skaffar til vege. Ein kan bruke kjøpejord, men det byr sjølvbergaren i meg beint i mot!

Makken elskar bokashi!

Denne handfulla med makk, fann eg i drivhuset ein dag i februar, det aula!i

Nokre Hagelandbutikkar har inne utstyr til bokashi kompost. Kommenter gjerne om dei veit kva for nokre, eller andre utsal som har 🙂 Eg har skrive mail til min lokale Hagelandbutikk, Tilseth i Volda, og håper dei tek inn snarast 🙂

One Comment Add yours

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s