Kjøtkraft

Totalt missvisande namn. Det er då bein eg koker kraft av, ikkje kjøtet! Kjøtbeinkraft er eit betre namn! Men det er nok mest for å skilje slik kraft frå grønnsakskraft, noko eg ikkje kan med, enda.

Dagens kraft koker eg på beina av to kaniner og ei and. Alle tre fora fram i hagen, slakta her og langtidssteikt i omnen. Men alle dei stega tek vi ved eit anna høve. Eg koker kraft på alle bein, av alle dyreslag vi et. Vi et ikkje mykje kjøt, men kjøtet vi har ete er anten ville, fora fram av folk vi kjenner eller frå hagen. Når vi har skote hjort, noko eg og mannen har gjort ved fleire høve, vert det to digre gryter på 15 liter på omnen. Eg brukar då eit par daga på krafta, men får enorme mengder kraft, som rekk til det meste.

Prinsippet er det same med små porsjonar, som eg vil vise her 🙂

Sag gjerne store bein i bitar. Vil du ha meir smak, bruner du beina litt i omnen før koking.

Finn fram ei gryte stor nok til alle beina. Legg i beina og fyll på kaldt vatn til alle beina er dekte. Kok opp. Småkok under lok til du ikkje gidd meir, minst eit par tima. Eg koker store bein over natta.

 

Så plukker du ut bein og kjøtrester. Ofte løsner det meir kjøt frå beina, fullt etande og så mørt at det nesten smeltar på tunga.

Sil, og kok inn utan lokn, igjen så mykje du gidd. Koker du nok, blir det så konsentrert gelatin i krafta, at den vert som gele i kald tilstand.

Tøm den kokande krafta på reine (og varme om du vil vere ekstra hygienisk) glas. Eg brukar heilt vanlige sylte/fetaost glas. Rett og slett fordi det var enklare, rettare størrelse etter mine behov og billigare enn Norgesglas med pakning. Det er og kome trykkfellt på moderne lokk. Desse vert sugd ned, og då veit du at det er vakum. Medan krafta står og kolna, vil du høyre kor det smell i lokka når vakumet vert sterkt nok. Det gir meg ei god kjensle å høyre den lyden frå kjøkkenet, om eg endelig har funne sofaen 😉

Krafta bør stå litt kjølig, den treng ikkje kjøleskap om du har eit svalt rom/kjellar/matbod.

Krafta er no hermetisert, og superenkel å bruke akkurat når du treng det. Tek ikkje opp plass i frysaren og må ikkje tinast! Fins ikkje betre smakstilskot i supper og sauser. Enkelte meiner det også er supermat, ikkje gale det heller 🙂

Var litt varm!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s