Alt går i brøddeiga

Etter å ha vore på foredrag med Thomas Thorne, forfattar av boka «kunsten å ikke kaste mat», tok eg meg saman. Eg har tidligare baka mykje brød, men gått grundig lei. Mogleg det hadde samnheng med at eg baka til mange og malte kornet sjølv, på ei handdreva mølle…. No fekk eg att gnisten. Nettopp fordi Thomas gav meg dårlig samvit av at grautrestane av havregrauten eg koka på jamna, enda som hønsemat.

Det er ikkje berre graut som går i brøda, men poteter, joghurt, rømme, surmelk, og liknande. Ting, spesielt i kjøleskapet, eg er redd for skal rekke å mugne. Eg laga til dømes bringebærsmuthie med rødbeter… Det likte ingen her i huset. Den rørte blåbærsylta byrja å snuse på ei vike frå opning. Det blei årets råaste deig.

Den var særs lik plastalina i konsistens og farge, i rå tilstand. Brøda heva ikkje så voldsomt, men blei heilt greie på smak 🙂

I skrivande stund har eg ei deig med graut og tyrkisk joghurt på hev.

Framgangsmåten er slik:

Fyll alt du vil bruke opp i bakebollen. Poteter bør mosast, same med bønner. Ha i ein desj smør eller kokkos olje. Eg brukar ein av dei to, fordi dei toler steiketempersturen godt. Lite vist med «Ekstra Virgin» om ein skal varme maten meir enn den toler. Strør i ein halv pakke tørrgjer og litt salt. At saltmengda er låg, er ein veldig god grunn til å bake sjølv.

Vassmengda er litt vanskelig å berekne, men med litt øving går det fint. Nokre gongar blir deiga liiit stor, om ein har tatt litt i.

Eg plar oftast bruke kaldt vatn og heving over natta, eller frå morgon til kveld.

Eg er så heldig å ha Volda Elektriske Mylne i nabobygda. Dei har utrulig godt økologisk mjøl! På dei vanlige matbutikkane her, har dei vanlig øko kveitemjøl og øko sammale kveitemjøl, samt mange ulike øko frø.

Eg bruker aldri oppskrift. Ein desj steinmale kveitemjøl, ein neve solsikkefrø osv. Ofte vert brøda veldig grove, men veldig smakfulle 🙂

Fleire brødbakefantastar? Kommenter da, det hadde vore fole kjekt!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s