Gjødsel

Eg høyrde på radioen ein gang, at å dyrke grønnsaker og poteter i hagen, omlag skulle vere umogleg, utan kunstgjødsel. Så mykje næring treng altså vekstane… Nei, det stemmer faktisk ikkje. Det fins eit utal av måtar å gje næring til jordliv og vekstar, og samtlige er betre enn kunstig gjødning!

Eg vil skrive om dei eg har nytta meg av siste året. Ein treng ikkje å tilføre så mykje næring kvart einaste år, men litt mat treng jorda 🙂

Hestegjødsel

Eg brukar hestegjødsla over alt. Alle bed, drivhusbedd, fleirårige vekstar og hugelkulturar fekk eit tjukt lag i fjor. Mange gir bort hestegjødsel om du kan hente sjølv!

Tang

Både gjødsel frå fjøra, skylt i land, og fersk kan brukast. Eg skyl den ikkje, regnar så mykje her på Sunnmøre uansett. Ein skal etter lova spørje grunneigar om lov til å hente levande tang.

Lauv og plengras

Fleire av naboane fyll på ruskedunger i skogen. Eg tømer tre av desse på jamna. Fekk og ein vaktmeister på ein lokal skule, til å køyre lauv hit. Her må nemmelig bedrifter betale for å levere hageavfall på gjenbruksstasjonen, og eg tek i mot gratis med takk attpå 🙂

Bokashi

Kjøkkenkomposten vert god næring med bokashi. Eg tok til og med meg bøtta på ferietur med campingvogn. Kan jo ikkje kaste matavfall i rest!! 🙂

Dyregjødsel

Vi har alltid høns, nokre tider ender eller kaniner, kven veit kva eg kan finne på å skaffe meg. Alle drit, og all møkka ender i hagen!

Urin

Denne flotte pottevasskanna : Guldkannan, bruker eg ved spesielt kjapt næringsbehov. Spesielt i starten av sesongen, før mengda grasklipp tek seg opp. Særs enkelt, tiss, fyll på minst 9 dela vatn til 1 del tiss. Så spring eg ut i hagen å vatnar. Passa på å vatne jorda, ikkje blada, kan svi i sola.

Levande grøngjødsling

Der fins mange fleirårige vekster som bitt nitrogen i frå lufta. Til dømes alt i bønnefamilien, som erter. Eg har og Sibirskertbusk som bitt nitrogen, og lagar nokre bittesmå ertebelger som skal verte dyrefôr.

Det er ikkje næringsmangel hjå meg nei, det veks som berre juling! Eg bitt mykje karbon, lager god matjord og produserer mykje mat, la meg sjå det kunstgjødselet som slår det! 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s