Ein av den enklaste og beste dessertane av grøde frå hage og skog, er Smuldrepai.
Du tømer ganske lett havregryn, litt mjøl av ønska sort, sukker, kanel, vaniljesukker i ei eldfast form. Bland og ta av nokre spiseskeie i ein kopp. Hell deretter smør eller kokosolje i den ildfaste forma. Nok til å dekkje alt det tørre når du blanda godt.
Trykk med ein spiseskei slik at massa dekker heile botn og litt oppover kantane. Så er det berre å fylle i med frukt og bær. Eg har Rabarbra, bringebær, krekebær og blåbær i dag.
Eg er ikkje så nøye på renskinga av blåbær, fordi då orka eg ikkje plukke dei! Blåbærblad smaka uansett blåbær 😉
Då er det berre å strø over blandinga du tok av, å hive i omnen. 225 grader i ca. 40 minutt. Til toppen er litt lysebrun.
Du kan ha det meste attåt. Vaniljeis, rømme, naturell joghurt, vaniljejoghurt, osv. Knallgodt og tel som ein av fem om dagen 😉