Då eg kjika innom drivhuset mitt i dag, såg eg ei bittelita kålspire!
Det er trulig ein redikk, då eg lot desse frø seg i fjor. Dette tydar på at det er varmt nok for hardføre kålsortar å spire. På tide å så! Fram med albummet med frø!
Drivhuset blir brukt til tomatar i juni, så det må vere noko kjapt, og hardført. Eg har verken ekstra varme på eller lys.
Eg vatnar og jamnar til litt fyst. Eg har grave med bokashi her i vinter. Ca. 8 bøtter.
Eg rufsar i jorda med fingrane, etter frøa er i jorda, og set på vatnet att. Då er det berre å vente i spenning!