Einelåg

Einelåg kan brukast til så mangt. I følge Rolv med Urtekildenens Planteleksikon: hårpleie, hudpleie og antiseptisk vaskemiddel. Eg har nokre treningskle som ikkje akkurat lukta rose, dei tenkjer eg å få skikk på no!

Men fyst skal eg fortelje korleis eg laga dette totalt zero waste vaskemiddelet. Kortversjonen er: Hent, kok, sil, tapp. Fole enkelt altså 😉

Det einaste du treng er noko å bere i, handskar og beitesaks.

Du kjem og veldig langt med ei rosesaks. Om du ikkje lager ca. 15 liter på ein gang, som eg… Veldig likt meg om eg må seie det sjølv :p

Så er det berre å labbe i veg til nærmaste beiteland som held på å gro att med Eine. Eg slo denne vintersanketuren saman med ei hard treningsøkt, men det mååå ein ikkje gjere.

Dette er blåbærterenget mitt! Det held på å gro att. Her er ikkje andre beitedyr enn hjort og ein og anna hare lenger… Så no har eg sjansen til å gjere noko som gagner fleire saker på ein gang!

Då er det berre å klippe i så små bita at alt går i sekken.

Blei fullt gitt! Tok under ti minutt.

Blei det sooo mykje??? Grytene er på 15 liter kvar. Måtte klippe i litt mindre bitar for å få plass.

Fyll på med kaldevatn. Kok opp. Stapp litt for å få oppi det som stikk ut. Kok så lenge du vil, eg kokte i 3-4 timar. Medan eg gjorde alt mogleg anna sjølvsagt. Vert som kraftkoking, står jo berre der.

Hadde huset vorte reint berre av lukta!! Fantastisk frisk og rein lukt spreier seg i huset. Då er det berre å sile. Eg silte gjennom eit dørslag. Så fyller ein Einelågen, kokande, på flasker. Set på kork med ein gong. Eg set dei i matbuda, og kan ikkje tru at det kan verte dårlig på fleire månadar. Eg har jo i praksis hermetisert eit antiseptisk vaskemiddel.

Det blei ikkje kjøpt inn noko, eller kasta noko for å lage Einelåg, og alle greinene vert kompost i hagen min!

Kva eg med hell greier å bruke Einelågen min til, det vil eg skrive om seinare 🙂 Kanskje du har nokre gode forslag?

Her kjem ein filmsnutt frå denne vinterdagen si sanking frå naturen 🙂

Einelåg sanketur, med høg puls

Følg gjerne youtube kanalen til Matnyttighage 🙂

Kjelde :Urtekilden Planteleksikon

Tikka stadig inn med nye faste følgjarar på bloggen, det set eg utrulig stor pris på 🙂

One Comment Add yours

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s