Vedhogst, Hugel og natursåpe

Då har eg brukt av Einelågen eg har laga! Det skulle vere barnebursdag i hus, så golva fekk seg ein veltrengd omgang med moppen. Korleis lage Einelåg!

Det lukta veldig godt 🙂 Eg har og i heimelaga kokkossåpe. Eit heilt, lite såpestykke fekk ligge i vatnet til eg var ferdig å vaske. Eg kunne gjerne ha raspa den opp og strødd i. Men dit har eg ikkje kome enda, og det fungera slik og. Eg er heilt overbevist om at denne blandinga er hardare på flekkane enn berre kokkossåpa.

Toalett og skinnsofaen vaska eg og med same blandinga, det fungerte veldig bra 🙂

Vi fekk eit spørsmål med ein nær nabo, om å felle to Bjørk. Dei var åt å verte gamle og so høge at dei ville treffe huset om dei blei blåst ned feil veg. Mannen i huset er særs hendig med motorsaga, så det gjekk lett 🙂

Vi tok med heile trea, kvisthaugen og. Då kan eg nemmelig bygge Hugel 🙂

Roma blei ikkje bygd på ein dag, dette er steg ein. Om du lurer fælt på kva ein Hugel er, og korleis ein lagar det, sjekk ut innlegget om Hugel:) Hugel og Opphøgde dyrkingsbedd

Planen for denne Hugelen er å legge på eit lag med hestemøkk, så grasklipp eller dårlig silo/rundball. Alt etter kva eg får tak i 🙂 Vi fekk ikkje brukt All kvisten, og hagen er omtrent på bristepunktet med dyrkingsbedd, så i mangel på ledig plass, får Ørsta Andelsgard nytte seg av kvisten 🙂 Ørsta Andelsgard

Det spira i drivhuset! Eg sådde for nokre få dagar sida, og er spent på om det er Knutekålen som kjem! Alternativ er ugrasredikk, men heilt greit det og 🙂

Nokre av settepotetene har eg sett til forgroing.

Det gjorde eg i fjor og. Då brukte eg eggekartong, og dei sto i stovetemperatur. Det gjekk, men blei lange tynne planter og muggen papp. Så no har eg dei på eit brett, i ein veldig kald kjellar. Hastar jo egentlig ikkje så veldig enda 😉

Har du gjort noko matnyttig i hagen denne tidlige våren? 🙂

One Comment Add yours

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s