Bjørkesevjetapping, oppal og fleirårige vekstar

I dag har små og store vore i nærskogen å tappa Bjørkesevje :)Alle var enige om at sevja smaka godt kaldt vatn, nokre fann antydning til sødme 🙂 Sevjetapping er ikkje ein del av allemannsretten, så grunneigar skal spørjast.Ein treng drill, eit rør (ikkje kopar, metall, plast, kanskje bambus kan fungere godt?) og ein borr som lager passe hol til røret du har valt. Bårr på skrå oppover, stikk inn røret og fest flaska.Om du berre vil forsøke dette på enklast mogleg vis, så kan du berre kappe ei grein, og feste ei flaske.Her har eg festa flaska og bøyd greina ned med ein stålstreng. Blir ikkje så mykje sevje, men litt kan ein få 🙂Matskogen i hagenNo har nokre av dei fleirårige vekstane byrja å vise seg! Og det før eg har sådd dei fleste ettårige.Grasløken er tidlig ute!Under her fins Peparrot.Stjernemelda her gler eg meg aller mest til. Den kan brukast som spinat og er veldig god på smak!Snart vert det Rabarbra.Sibirske blåbær mognar tidligare enn norske, blada er allereie komne.Oppal Eg sådde fleire tomatfrø i kvar såpotte, då dei var gått ut på dato i 2014… Ser ut til at det ikkje var naudsynt… Vert prikling av desse snart. Eg har ikkje oppvarma drivhus, så dei må stå inne til omlag juni.Eg har sådd nokre tomatfrø som heiter Alaskan fancy, spent på korleis dei greier seg, då dei skal kunne dyrkast på friland.Eg sådde Purreløk i dag, i eit druebeger. Desse treng langt oppal og mykje gjødsel når dei kjem ut.Korleis går det i din hage? Byrja det å vekse? 🙂 Følg gjerne bloggen:)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s