Her kjem nokre av mine favorittar innan dyrking og sjølvberging, alle frå NRK. No
Det gode bondeliv
Frank her er ein bonde i Danmark. Han prøver ut mange ulike frøsorter, gamle handtverkstradisjonar og har veldig mykje å lære frå seg! Episodane kjem og dreg på NRK. No, så det einaste som gjeld er å sjekke i blandt 😉 Eg må ha norsk tekst, for denne danske dialekta slit eg litt med… Det gode bondeliv
Grønn glede
Denne serien ligg i sin heilskap ute på NRK. Grønn glede. Den har ein del klipp om grønnsakshage. Spesielt 2015 sesongen. Elles er det mykje om blomar og andre prydplanter. Men med nyopna innsektsauger, er kanskje ikkje blomar så dumt likevel 😉
Hygge i hagen
Svensk, ordentlig «feel good» program. Men ein skal ha litt tolmod, for episodane er litt lange. Mange gode tips, og godt for å senke skuldrane 🙂 Hygge i hagen
Episodane vert lagt ut etter kvart som dei går direkte på tv, men blir ikkje liggjande for alltid.
Sjå også dette innlegget, der ligg eit NRK. No tips til: Gode kjelder
Kjelde til alle seriar og bilete: Statskanalen NRK. No
Har du nokre gode hageprogramfavorittar? Nokre eg bør sjekke ut?