I dag har eg jobba i haglbyger, torden ⚡ og sol!
Eg hadde og Joachim Åsebø, frå lokalavisa Møre-Nytt på besøk!
Han skal lage ein artikkel om arbeid i hagen på våren og Ørsta andelsgard 🙂 Møre-Nytt skal i samarbeid med Vikebladet Vestposten og Vestlandsnytt gi ut ei temaavis 2. april. Og her kjem altså eg og hagen min! Hjelpes, skummelt og kjempekjekt på same tid!
Eg fekk litt hjelp av bror min, Jan-Kristian, til å tøme resten av hengaren for kvist. Og plutselig har eg utvida kjøkkenhagen med 7 kvadratmeter.
Vi lessa kvisten opp i pallekarmar, og klipp dei i mindre bitar med beitesaks. Står att ein halvtimes klippejobb til, men grunnlaget er lagt 🙂
Eg fann ein Mangold /Bladbete som har overvintra ute! Den fekk flytte inn i drivhuset, i håp om supertidlig avling 🙂
Følg gjerne bloggen, det er lite som er så inspirerande som faste følgjarar 🙂