No spirer kålplantene mine! Det er aaaaalt for tidlig!
Planen er å la dei vekse seg store under vekstlys på badet. Om våren vert like varm som i fjor, kan eg sette dei ut om ein månad. Kanskje via drivhus og pallekarmar med drivlokk. Om det då vert frost om natta, får eg bre over eit ullpledd 😉 Eigentlig er å plante ut kål her ganske risikabelt fram til nesten starten av juni!
Purren har byrja å strekkje seg mot lyset og.
Tomatane byrja å skrike etter ompotting!
Tenk at noko så lite og puslete skal verte Rosenkål!
Om du ikkje har fått med deg alt eg har sådd til no, i oppalet inne, står det her : oppal 2019
Har du hoppa inn i vekstsesongen, med begge bein, som eg?