I dag har eg potta om eit par tomatplanter, «Money Maker». Denne skal vere gåve til ordstyraren ved møtet : Bærekraft i reiselivet i Ørsta, Torunn Lødemel 🙂
Slik gjorde eg ompottinga :
Løfta ut jordklumpen med gaffel.
Skilde forsiktig dei to plantene frå kvarandre.
Så fylde eg to potter med jord. Brukte to blåbærbeger. Laga eit hol til rota. Sette planta nedi. Meir mold, og klemte den velsle planta på plass 🙂 Tomatplanter kan setjast djupare enn dei var før ompottinga, då sett dei fleire røte.
Hugs torvfri jord, torvjord er ikkje bærekraftig!
Nokre av tomatplantene klipte eg av og sette i vatn. Då utviklar dei nytt rotsystem. Ekstra lurt om ein har laaange skrøpelige planter.
Eg treng jo eigentlig ikkje so mange tomatplanter sjølv. Men det plar vere vennar eller familie som har lyst på ei, og eg får meg altså ikkje til å kverke dei, med vilje…. 😇