Mykje godt arbeid i vente

Eg fekk meg ei lita ykt i hagen i dag og 🙂 Eg hadde til dømes tre fulle bokashibøtter klare til å verte blanda med jord!

Makken elskar bokashi! Her kjem det til å myldre om eit par vike!

Heile framgangsmåten finn du her : Bokashi!

Eg har og vore så heldig å fått to rundballar! Desse er i frå 2017, altså to år gamle snart. Heldige meg!

Desse vert supert jorddekke. Aldri bar jord her hjå meg! Det vert litt trening og ut av å lempe silo, men det er jo greit:)

Lukta vekkjer gode minne frå den gong eg sjølv dreiv gard. Kyrne som forventningsfullt rauta når eg kom om morgonen og gleda av eit stappfullt forbrett med gras, kjem eg aldri til å gløyme…

Har og planar om eit lass med hestemøkk og eit trailerlass med sand før våren er ordentlig i gang…. 😇

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s