Gjødsel – gamal silo

I dag har eg jobba hardt med ein gamal rundball! Desse har eg fått av ein kompis, dei er frå 2017, altså to år gamle. Når dei ikkje vart brukt til dyrefôr, tok eg gladelig i mot dei!

For å trille graset kortast mogleg, sette vi ein på kvar side av huset. Dog på oppsida, nedsida kjem vi ikkje til med traktor, for mykje grønnsaksbedd i vegen :p

Eg vil ikkje ha naken jord. Då får ugras lett feste, makken svelt, vatnet fordampar… Berre elendigheit altså.

Ordentlig drittvær, med regn og vind, mykje av tida. Men eg har plenty av treningsglede og glede av å arbeide i hagen. Dette gjev meg godkjensla 🙂

Ganske bratt ned på denne sida av huset, og nokre passar smalt og sleipt i regnet. Eg må sikte godt :p

Fyste Hugel. Her er det litt jordbær. Den er ganske fersk, blei bygd i fjor haust. Litt kvitlauk skal det og vere i den, skal tru om denne vesle spiren er spissen av ein?

Omlag tre trillebåre seinare :

Eg har rikeslig å dekke!

Byrja å monne!

Lyset byrja å verte dårlig, men eg gir meg ikkje halvvegs!

Bjørkekvisten trampar eg godt på, og hauer godt på. Vips, 2,5 kwm meir grønnsakshage.

Det er alltid det siste lasset som er størst! Og det måtte sjølvsagt velte :p Då bør ein sjølvsagt berre la det velte, og spare ryggen… Det gjorde ikkje eg, men velta okke som…. Au…

Ferdig!!

Det tok meg…

Knappe 1,5 time altså! Mørkt blei det, men dagens treningsykt + hageykt, er velgjort 🙂 Då har eg halve hagen og ein ball att, perfekt! No har makken og jorda god mat i lang tid 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s