Denne skal etter planen fordelast ut over resten av grønnsakshagen min 🙂
Dette er øvre kjøkkenhage. Skogshagen er rett nedom, der er og nokre kvadratmeter karmar og ein Hugel.
Då er det berre å «bjønne på»!
Det var som vanlig på Sunnmøre, godt vær!
Hagla heldigvis ikkje heile tida :p
Dette er den nyaste Hugelen, som eg byrja å byggje når vi fellte Bjørka til naboen: Høgge Bjørk
Den fekk og eit godt dekke.
Tanken er å sette småplanter, rett i siloen. Kanskje med ei lita spade god kompostjord i planteholet.
Då blei det tomt gitt!
Det manglar ein del i skogshagebedda.
Men det tek eg ein anna dag, alt etter kva eg får tak i 🙂 Hestegjødsel, strø frå hønsa, grasklipp, tang… Alt som kan rotne 🙂
Snart tid for hausting av nokre av dei fleirårige vekstane eg har!
Graslauk:
Stjernemelde
Rabarbra
Sjå her kjem Løpstikka!
Korleis går det med våronna? Her har været skippa skisesongen, så eg byrja tidlig i år!
Då tek eg helg… Trur eg 😉 Dette er kjekt arbeid! 🙂