Er du litt lik meg, så forstår du ikkje vitsen med stoveplanter. Om ein passa godt på dei, er dei i beste fall vakre å sjå på… Men då ser eg heller ut av vindauget, på fjord, fjell eller skog. Dei slepp eg å ha feriepass til, vatne frå 1-7 gonga i vika, skifte jord på…. Du skjønar sikkert poenget….
Men å dyrke mat inne i vindauga, det er jo kjempelurt! Idiotisk å la spesielt dei sørvende vindaugskarmane, med middelhavstemperatur heile året, stå bare!
I fjor dyrka eg sjarlottlauk i hagen. Frå settelauk frå Solhatt.
Dei heng på det tørraste og varmaste rommet i huset. Dei har ihvertfall ikkje mugna, og ser heilt fine ut 🙂
Skota kan eg bruke som vårlauk 🙂 Når frostfaren er over, plantar eg dei ut, med resten 🙂
I ein av lokalbutikkane fann eg Gurkemeie og Ingefærrot!
Desse har eg lagt i ein pose, med våt tørkerull i. Så har dei fått ligge godt og varmt.
Då eg sjekka dei i dag, hadde fleire byrja å spire 🙂
Her er Ingefærrot :
Gurkemeie:
Resten får meir vatn og litt meir tid på seg. Dette har eg aldri prøvd på, så det vert spanande!
Sjå desse fantastiske røtene! Ei framtidig stoveplante her denne og 🙂