Høner i hagen

Kvifor har eg høner egentlig? Egg har jo dei på butikken.

Eg har høns av mange grunnar.

Den fyste er matrester. Med fire born, der eg ikkje tvinger dei til å ete opp maten sin, blir det ein del matrestar. Nokre gongar er vi vaksne skuld i matsvinn og. Hønene et det aller meste av dette + gulrotskrell og liknande. Faktisk et dei eggeskala sine og.

Eg slepp å kjøpe egg i butikken, og slepp tome eggkartongar.

Dei lagar jord og gjødsel til meg!

Eg fyller nemmelig utegarden deira med alt hageavfall eg ikkje brukar direkte i bedda. Til dømes løvetann og skvallerkål. Dei får og menger av grasklipp, lauv og anna eg kan gi dei. Makken trivst då særs godt, det vert meir mat for hønsa og meir jord til meg 🙂

Det er og særs lite arbeidskrevande dyr. Eg møkker ut heile huset deira, 2-4 gongar i året. Gjerne fordi eg har behov for gjødsla ein stad, i ein ny Hugel til dømes. Det tek i overkant av ein halvtime.

Å ta det daglige stellet tek ca. 5 minutt. Dei skal kjikast til to gonger i løpet av dagen, og ein av gongane får dei nytt vatn, matrester, og fyller på med kraftfôr om det er tomt. I ny og ne tømer eg ny spon på golv og i rugekasser. Det skal vere tørt og ikkje klake seg. No på vinteren et mine sju høner ein liter kraftfôr på omlag to dagar, alt etter kor mykje anna dei får. På sommaren kan ein liter vare i ei vike. Eg forer med soyafritt kraftfôr.

Mine høns er nyttedyr. Og eg et dei når eg bestemmer meg for at dei legg for få egg, og eg treng nye. Det tek ganske lang tid å slakte, men dette tek eg i eige innlegg.

Eg langtidssteiker heile fuglar. I 3 tima eller meir, alt etter kva vi skal den dagen. Å vere slitne etter ein dag på Ørsta Skisenter, og kome heim til ei så mør høne at kjøtet fell av beina, er rett og slett himmelsk. Betre enn kalkun fekk eg høyre ein gang, av ein særs nøgd middagsgjest!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s