Ein treng ikkje kjøpe pesto av basilikum frå land langt langt vekke! Lag Ugraspesto!
Dagens vesle porsjon! I den er det Graslauk, Skvallerkål, Høymole, Hagesyre /Surgras og masse Skvallerkål!
Flittige hender plukker fort, og mykje treng ein!
Skyll av og legg på ein kopphanduk.
Ha i salt eller urtesalt.
Køyr jamn med stavmixer, tøm på så mykje god olje av ynska sort, til alt vert finmost.
Fyll på glas. Held seg omlag ei vike i kjøleskap. Om du lagar mykje no på våren, kan du fryse ned, og ha middelhavskost heile året!
Du kan bruke på Pasta, Pizza, Ostesmørbrød med meir 🙂
Her med grov pasta, Linser, Seterrømme og Ugraspesto!
Har du prøvd å lage Ugraspesto eller Ugraspure? 🙂