I dag har eg hausta all jordskokken!
Her stod den i fjor, på eit mellomrom mellom to Lindetre. Einaste stellet den har fått, er at eg har kasta ugras på den gjennom sesongen + gitt den dekke når den døydde ned til vinteren.
Ordentlig sikringskost! For ei mengd!I år fekk eg ti kilo på dette vesle stykket! Berre å spa ut, og trykke ned nokre til årets avling. Sjølv om eg hadde gløymd det siste, hadde den nok kome tilbake, for alle bitane har eg nok ikkje fått med :p
Liv her og 🙂
I 2017 sette eg kvitlauk, men fann dei aldri att. No derimot, spira avkomma godt! Eg tynna litt og sette i ein Hugel og 🙂
Eg tok og opp ei Pepperrot, av ein fleirårig type. Ordentlig sterke greier!
Eg nytta og høve til å så nokre bondebønner mellom bringebæra. Dei bitt nitrogen. Og om dei går godt i hop, er det god plassutnytting!
Ein liten tur i finværet er og viktig!
Faktisk blei været så bra, at eg ikkje vil inn! Fram med grillen! 🤣
Eg putta i nokre bitar av den kraftige Peparrota, veldig spent 🙂