Eit par føremiddagstima, blei brukt til å så det som gjenstod på oppalslista. Utan om meir gulrot, det tek eg att.
Eg las i ei nyheitssak, at jorda som skal erstatte klima og jordlivfientlig torvjord, ikkje må vere klissete og gi folk jord på hendene…. Kvifor det??? Det skal da vere jord i jord. Om ein ikkje vil ha jord på hendene, hald deg til Hyroponics (dyrking i vatn).
Papirpotter blei for tungvindt, og dei tørkar fort ut. Plantene trivst betre i desse trekantpottene. Difor går eg for det på resten.
Her har eg sådd rødbeter, polkabeter, knutekål, stangbønner, salat og solsikke med små blomar. Eg har og sådd blomar i druebeger 🙂
Mine små tomatplanter som sto i vatn, har fått jord rundt føtene!
Eg har alt for mange Alaskan Fancy. Tomat for folk uten drivhus. Men finn nok på noko :p
Sådd agruk, sylteagurk, squash, hokkaido og graskar. Fleire sortar av kvar.
Spent på denne. Som skal lagast svampar av!
Eg merkar potte og brett med klistermerker fyst. Så legg eg frøa oppå. Store frø trykk eg ned i, og strør jord over. Små frø strør eg jord over direkte. Står på frøpakken korrekt djubde, men eg held meg ofte til hovudregelen : store frø djupt, små frø grunt.
Kanskje eg skal så bondebønner, ute, direkte snart. Dei tole mykje, og kan gjerne setjast djupt.