Eg har mykje mat og mange matplanter hagen min. Men ikkje nok! Eg er ordentlig Sunnmøring, så det skal helst ikkje koste noko! Så i dag prøvde eg meg på fire ulike former for formeiring av fleirårige vekstar.
Den fyste er superenkel. Litt tidlig kanskje, men eg gir det eit forsøk.
Tuedeling
Her deler eg ein av graslauktuene i to.
Spad eit hol, og plant. Fyll i med jord begge stadane, og legg ny dyne på jorda. Då isolerer du, hindrer fordamping og kanskje slepp du noko av ugraset som piplar opp ved naka jord.
Eg prøvde det same med mi fleirårige peparrot.
Metode to er god til enkelte busker. Som rips og solbær. Ta eit skot, plukk av nokre bladskot på midten, grav ned.
Eg prøver med Sibirskertbusk
Den vesle kvisten som stikk fram, dannar røte under bakken. Når den er etablert, kan eg grave den opp og flytte den.
Metode tre
Passar og til busker. Klipp av nokre friske årskot. Stapp dei i bakken. Så enkelt altså. Er ikkje sikkert alle overlever, men så har det tatt fem minutt 😉 Eg prøver med Solbær og Sibirskertbusk.
Fjerde metode.
Klipp årskot og sett i vatn.
Eg vil verkelig ha meir Sibirskertbusk, så prøver det og. Pil og Selje skal ha den eigenskapen at dei skil ut rothormonveske. Eg har Pil, så då får Sibirskertbuskkvistane selskap. Eg sett det i kjellartemperatur. Stovetemperatur trur eg vert lagar sjokk og algevekst.
Nyt våren folkens!