Varme vårdagar!

«No livnar det i lundar»!

Eg har og funne gull! Eller fått gull :p

Rein hestemøkk, uten flis, med litt grus. Masse næring, blir fin jord 🙂 Men spørst om eg bør utbetre trillebårstien…

Med ryggen til låns den bakken der :p med stor sjanse for velt! Spørt om eg bør trille rundt huset, men det er då så langt!

Innsekta har også vakna, denne var ekstra kjekk å sjå! Hadde du sett den?

Ei lita dronning var og på ferde, men den var kjapp! Rakk knapt knipse bilete!

Såg du den?

Eit kryp som trivst betre enn alle dei andre desse varme dagane, ihvertfall ser det til å vere plenty!

Men eg er ikkje redd edderkopper. Eg vil gjerne ha veldig mange. For knott og mygg og innpåslitne fluger kan dei få ete i fleng!

Nokre av krydderurtene mine kjem med nye friske blad, og tolte vinteren godt 🙂

Og om eg ikkje var inspirert nok, for å produsere mat i hagen min, er eg det i vertfall no! Eg har vore på foredrag på Aasentunet!

Dette er altså min favoritt bloggar og foredragsholdar! Maria Berg Hestad. Moldenser, mor, og fantastisk god på å dyrke mat i hagen OG like det!

Ho kom og med det beste tipset angåande sniglar eg har høyrt til no. «berre trakk på dei, klem dei flate, drep dei, kvar gong du ser dei»! Så det skal eg gjere. Ikkje noko meir «fylle handa med sniglar» her nei!

Sjekk ut hennar eminente blogg, tips for alt, vert å følgje! Det grøne skafferi

Slik kan du altså bruke karamellpuddingsfat!

NO skal det verte ordentlig matauk her altså!!!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s