Eg har vore på foredrag i dag, 8. april, med Dag Jørund Lønning. Foredraget er basert på jordboka 2, det kompostmoderne. Det er rett og slett så oppbekkande å høyre atter ein gong, at måten eg gjer dyrkinga mi på, kan redde verda! Vi må berre få mange nok til å gjere det slik!!!
Og korleis er det vi skal dyrke?
So det so!!!
Ein anna ting eg fann ut på foredraget, at eg skal spreie jordbæra enda meir ut i skogshagen. For akkurat der, i skogsmikrolivet trivs den best, i følgje Dag Jørund 🙂
Sjå kva som spirte fyst, av sjarlottlauk, gurkemeie og ingefær:
Heimeavla og heimedyrka vårlaukserstatning her altså 🙂 Ureist frå plante, til fedd, til ny plante og rett på bordet!