Med enkle middel skal ein kunne drive fram kålplanter. Dei toler jo ein del. Langt i frå så skjøre som agurk og tomat med fleire.
Eg fylde pluggbretta med jord og kompost frå ein pallekarm i hagen.
Så sådde eg frøa, og strødde over resten av kjøpejorda mi. Gullerøter har eg og sådd i kartong, med same jorda. Håper det ikkje vert for sterk kost!
Eg legg over nokre dobble vindsugsrute eg har liggande.
Blir det veldig varmt, er det lurt å lufte litt! Det kan verte for varmt for kålen, så det er mogleg at vindsugsrutene må av inn i mellom, eller kanskje settast ein stad der dei får litt meir skygge. Her dei står no har dei kanskje litt for gode forhold….
Då er det berre å halde jorda fuktig å vente i spenning!