Påskestell

I dag blei det litt handling. Eg trengde nokre settelauk, og det var tomt på solhatt.no

Eg oppdaga at Plantasjen hadde bokashikitt og strø! Kjenner at verda går framover altså!

Eg har ikkje prøvd denne bøtta. Men skulle eg byrja på ny no, så hadde eg nok gått for tett bøtte utan tappekran, då denne vert særs lite brukt hjå meg :p

Torvfri jord fann eg og!

Men eg kjøpte ikkje, Sunnmøringen i meg ville bruke gratis jord!

Trur du ikkje eg fann poteter og?? Heilt fine, etter ein heil vinter i jorda!

Klar for litt såing 🙂

Eg sådde nokre karongar med gulrot til, ei boks knutekål og ei med redikk 🙂 Redikk og Knutekål håper eg å så ein gang i vika framover, då har vi jamt 🙂 Dei skal ta ca. 4 vike før dei er klar 🙂

Under vindaugsrutene spirer det såvidt 🙂

Dette vert nokre hardhausar av nokre kålplanter!

Tomatane har byrja å sette tjuvar. Eg venter litt med å take dei, i tilfelle eg får lyst på fleire tomatplanter 🙂 For sett du ein tjuv i vatn, får ei ny plante!

Tjuvane ser du akkurat i bladhjørnet.

Innsektslivet er fasinerande 🙂

Eg lurer på kva maura gjer på, har dei sola seg og gløymt å gå inn for kvelden? Sola har akkurat gått ned.

Eg trudde dei var daude, og rydda ut av tua. Men nei…

Måtte berre sjekke, eg var veldig forsiktig!

God påske 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s