Påskekrim i glaskarmen!

Eg er ein mordar… Eg har drept planter frå heile graskarfamilien 😦

Men eg har ikkje gjort det heilt utan grunn. For planter i graskarfamilien, toler særs dårlig å verte herja med røtene til. Eg måtte teste det, for det sat veldig langt inne å ta livet av plantene, der det var meir enn ein i kvar potte.

Denne squashen plukka eg ut naboen til, og gav den til ei venninne som trengde den. Men sjølv om eg hadde den som blei att i potta, og fekk påfyld jord, sturer den framleis.

Dersom eg samanlikna med dei andre, som ikkje fekk naboen nappa ut, ligg denne snart ei vike bak i vekst, allereie!

Så då måtte eg fram med saksa på resten 😦

Eg klipte den svakaste i alle pottene.

I graskarfamilien finn du agurk, melon, squash og sjølvsagt graskar 🙂

Eg har endelig fått alle tomat, agurk, squash og graskar ned i stovevindauga.

Suveren bruk av Karamellpuddingsfat og! Passa særs godt i akkurat dette vindauge 🙂 No går det med eit par liter vatn for dag i stovevindauga!

Då får eg bruk for pinnekjøtpinnane! For då kan eg få luft under bretta, så ikkje vindaugskarmen vert øydelagt. For det vert ofte litt fukt under om ikkje.

Både på planterommet og i karmane får eg stort sett vanta nedaifrå. Det gjer at eg kan vatne berre ein gong for dag og minskar risikoen for flygande ukrutt i jorda 🙂

På planterommet er desse loka til plastbokser ganske praktiske underbrett 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s