Løvetann blomar kan brukast til mykje. Te, lotion, såpe og sikkert mykje meir 🙂
Særs slett, berre å plukke nyutsprungne blomar 🙂
Eg nyter spande småkryp medan eg plukker. Sjå denne jegeren!
Kanskje han venter på ei slik, eller kanskje noko litt mindre 🙂
Eg plukker berre til eg blir lei, nok for i dag 🙂
Eg tole å verte litt gul på hendene, sunnheitsteikn :p
Eg har dehydrator, og tørkar for enkelheitsskuld i den. Men ein kan tørke i solrike vindauge, skygge eller i steikeomnen og, alt etter kva som skal tørkast 🙂
Det blei to brett med Løvetann. Då fyller eg resten av maskina til randa med kryddergrønt! Eg har fleire planter med Løpstikke 🙂
Då lyt eg fjerne dei tjukke stilkane, men det går kjapt.
Løpstikke luktar heilt fantastisk!
Graslauk
På med dehydratoren 🙂
Sitat frå min eldre bror : «Det lukta så godt her, har du fått deg urtehage inne?» 🙂
Eg bør plukke det gule kronblada frå blomen frå dei grøne begerblada, men det kan eg vente med til lysta melder seg. Til vinteren kanskje 🙂
Har du tørka noko grøde?
🙂