Kva er skogshage? Det er rett og slett fleirårige vekster sett i eit system som liknar ein skog. Ein vil prøve å ha mange planter som gjev mat, nokre for innsekta og nokre for næring til matvekstane.
Det er og ein lett måte å ha kjøkkenhage på, når den fyst er etablert. Ein kan tilogmed ta seg eit friår, plantene vil vere der og gi mat likevel. Ingen skjøre spira som må vatnast, ha rett lys og temperatur.
Ikkje minst får ein avling tidlig på sesongen. Medan eittårige vekstar, sådde på våren, framleis er bittesmå.
Skogshagen kan du og dele inn i grupper etter høgd. Trekrunelaget, buskvekstar, stauder, botndekkarar og i tillegg klatrarar 🙂
Det meste blei etablert i mai 2016. Av Benjamin frå Permakultur planter. No Dei held til i Tingvoll. Eg hadde mykje frukttre og bærbusker frå før samt nokre fleirårige grønnsaker.
Bilete frå vår i hagen. April. Eg vil skrive om krunelaget og buskvekstar dette innlegget.
Eg har ein vanlig hage, så veldig høge tre, som Valnøtt, har eg ikkje skaffa meg.
Trekrunelag
Eg har eple. Både Aroma og søyleepletre.
Kirsebær
Plomme
Lind
Her kjem det straks blad eg brukar som salat! Eg kan plukke den frå altanen eller øvre grønnsakshage 🙂
Aprikos.
Selje
Blomane på hannen er tidlig vårmat til humlene. Eg har ei styvingstre. Det vil seie at eg klipper den ned, og let nye skot kome. Knall for kaniner 🙂
Eg har og ei bittelita Alm. Her er nøttene på våren knall gode i salat. Dei liknar litt på Lindeblad, berre med eit frø i.
Busklag
Her har eg mykje.
Sibirskertbusk
Nitrogenbindande og får bittesmå etande ertebelger.
Alle bærbuskene høyrer til her.
Rips, raud og kvit
Solbær
Stikkelsbær
Tindved. Større mordvåpen på hannen her, enn stikkelsbær. Bæra er særs c-vitaminrike.
Snøklokketre.
Små grøne grønnsakaktige frukter.
Japansk sølvblad Guomi
Gode bær på hausten.
Står inne i hønsegarden og vikar trivst med det!
Sibirsk blåbær
Som namnet kanskje seier, ekstremt hardføre og tidlige blåbær. Store og.
Hasselnøtt (Lambert Filbert)
Har mange, men tek nokre år før dei ber nøtter. Men då vert dei store. Meir som dei ein kjøper til jul, med skal på 😉
Pil
Kjekt til mykje rart. Korgfletting, gjerde, støttepinner… Min er klar for beskjæring, men eg skal byggje ei pilhytte, så får vente litt til 😉
Bringebær
Drue
Hardfør, men treng nok litt meir stell av meg før eg får druer 🙂
Som du er av bileta, har eg botndekke av Skvallerkål. Heilt av seg sjølv faktisk… I lag med dei fleirårige vekstane virka det heilt greit. Eg klipper og legg ned på bakken skvallerkålen nokre gonga for sesongen. Eller mater kaniner med det.
Stauder og det eg prøver å få inn som botndekke, tek eg i eit seinare innlegg 🙂