I dag har eg hausta tilbehøyret til middagen 🙂 Noko frå vindaugskarmen, noko frå hagen og noko frå skogen 🙂
Geiteramsskot kan brukast og smakar litt som asparges.
Eit forhatt ugras, Parkslirelerke, er klart no. Litt surt på smak, så godt i lag med andre ingrediensar. Der er ein bestand i skogen like ved huset. Duger og som kaninmat seinare på sesongen.
Klatreplante i hagen, Stjernemelde. Spinatliknande.
Ein neve skvalderkål, lett å finne..
Litt Graslauk.
Stolt Henrik blad, nokre få.
Inne i vindaugskarmen var det på tide å toppe sjarlottlauken 🙂
Nam!
Kva hadde eg det som tilbehør til? Ein heilt enkel, godt stekt fiskegrateng, og fetaost på toppen 🙂