Her er del ein. Med kort introduksjon, og om trekrunelaget og busklaget i min hage : Del ein, skogshage, tidlig vår
I denne delen, skal eg kome med fleire gode grunna til å velje å bruke ein større del av hagen til fleirårige planter. Eg vil og vise staudelaget og klatrerane i min hage, no på våren 🙂
Er du ute etter ein hage uten at den tek opp plass i vindaugskarmar og rom i huset? Eit epletre vil gi deg eple kvart år, frå det har vorte stort nok. Uten at du må tenkje på å kjøpe såjord eller frø! Sameleis er det med fleirårige grønnsaker, andre frukttre og bær.
Er det ikkje mykje jobb da? Vel, om ein skal stelle plenen slik hagekjedene anbefaler, så er det tidkrevjande, dyrt og resurskrevjande for kloda. Då skal ein klippe plenen ein gong i vika, gjødsle fleire gonga i sesongen, vatne, lufte og rake, sprøyte /rense bort mose, sprøyte eller luke Løvetann… Då får ein ein fin grøn… Ørken! Stakkars den humla som skal finne frukost der.
Plen er greit det, der ein skal gå eller leike mykje. Har du mose, har du for stor plen, for den toler ikkje trakk 😉
Eg vil påstå at ein skogshage kan du fint skjøtte på kortare tid enn ein middels vakker plen!
Klatrarar:
Desse nyttar ut plassen på veggar, opp etter tre og liknande. Nokre kan brukast som grønnsaker, andre bær frukt 🙂
Stjernemelde
Mi favorittgrønnsak frå skogshagen. Den er veldig mild på smak, brukast som spinat og salat. Den kan klatre høgt og verte svær, men vi et den opp. Det vil seie at eg treng fleire!
Sjokoladevin
Blada skal kunne brukast til te, og der skal kome frukt på den. Fyste gang eg ser den blomstrer, så eg er fryktelig spent! Den er nesten grøn heile året med meg.
Minikiwi
Det skal kome bittesmå kiwilikande frukter på desse. Dei kan etast med skalet på. Dekorativ og, berre vent og sjå i sommar 🙂
Staudelaget.
Her er grønnsaker og blomar over bakken, som ikkje er heilt låge og meint til å dekkje jorda som hovudfunksjon.
Daglilje
Eg har ein sort med etande, veldig søte, store blomar.
Ormerot
Både blada kan etast om våren, som spinat, og røtene. Eg prøver å få fleire av den, og det ser ut til å gå av seg sjølv 🙂 Kjem blome på dei 🙂
Kjempevalurt
Spreier seg og blir svære. Må klippast ned før frøa vert mogne. Bra kaninmat og til gjødsel og gjødselvatn.
Stolt Henrik Melde
Mogne frø kan brukast som ris/quinoa. Kan få modne frø fleire gongar på ein sesong. Blada som spinat, men litt meir smak enn Stjernemelda. Vert stor i løpet av sesongen, og døyr heilt den på vinteren. Den set mange frøplanter, så lett å dele 🙂
Rabarbra
Ta alle blada, så kjem det nye. Kan haustast slik heile sesongen.
Eg har og urter som kjem att år for år. Til dømes ein pallekarm med mynte. Blir masse god te 🙂
Om du tenkjer gjennom det, har du allereie starta på ein skogshage? Kanskje heilt utan å tenkje over det?
Flott blogg! Tusen takk og håper du fortsetter å skrive og ta bilder. Veldig inspirerende.
LikarLikar
Tusen takk, det var fole kjekt å høyre! Var så ensomt uten tilbakemeldingar, så det dabba av gitt… Men skal nok legge ut innlegg igjen 🙂
LikarLikar