Frostfrykta slepp taket… Då tenkjer ikkje eg på meg, men plantene! Dei tek heilt av!
Det blømer over alt!
Eg og yngstemann sådde nokre sukkererter.
Gulrot, Rabbe (kålrabi) og eit nytt fald med redikk.
Dei føregåande frøa vi har sådd utandørs spirer godt. Sterke korte planter, i forhold til dei som er inne og har det for varmt…
I drivhuset har eg sådd forskjellig, men trur sniglane et det etter kvart 😦
For utan sukkerertene!
Eg har og fått olja to strøk på terrasseborda på altanen. Utrulig kjedelig, men godt å ha gjort!
Då manglar det berre å skrape og måle rekkverket. For etter det… Jau då skal her verte jungel! 🤣