Enkel sjølvvatnade potte

Eg synest det er kjedelig å vatne heile tida. Og plantene trivst best med jamn vasstilgang. Enda eit pluss er at ein kan ha flytande naturlig næring i vatnet, og jamn næringstilgang og 🙂

Her er sirka to liter vassreservoar i denne bøtta + det som jorda held på. Eg er spent på kor ofte det må vatnast. Ihvertfall ikkje kvar dag, men kan det gå ei vike tru? Grasklipp skal på for å hindre fordamping, når naboane byrja å klippe graset 🙂

Steg for steg :

1. Finn ein beholder. Alle som har teiknet med gaffel og kniv på seg, altså som er godkjende til mat, kan brukast. Dog lite holdbare. Elles kan alle vasstette beholdera brukast, men då er ein ikkje like sikker på at dei ikkje avgir noko til jord, jordliv og grønnsaker. Men ganske vanlig likevel.

2. Ta nokre hol, slik at om du vatner for mykje, eller det regna, så druknar ikkje plantene. Eg brukte ei tend fyrstikk. Men du kan bruke borr. Men plast har nokre gonga lett for å sprekke.

3. Fyll botnen så hola vert dekte, med noko for å lage vassreservoar. Til dømes grus, trebitar eller lekakuler.

4. Legg i eit tøystykke som skal fungere som kapilærduk. Den syg veska opp frå reservoaret. Pass på at stoffet, i vertfall i deler av bøtta går heilt ned i botnen. Eg har brukt speiderteppe, billig stoff av gjennvunne materiale.

5. Vatn. Elles er det vanskelig å få kluten til å suge til seg vatn ordentlig etterpå.

6. Fyll i jord.

7. Plant det du måtte ønskje 🙂 Eg må flytte nokre sukkererter, då eg vil ha flytta drivhuset dei står i. Håper dei greier seg 🤞. 4 redikk og ein mangold fekk eg opp i bøtta og. Redikkane skL vere etande om ei to tre vike, før mangolden har vokse seg stor.

8. Vatne. Og om plantene ikkje er vande til utelivet enda, hugs herding. Fyst i skuggen, inn om natta osv. 🙂

Eg tenkjer å fylle terassa med slike, i alle fasongar. Skal du lage nokre?

One Comment Add yours

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s