Byrje på Pilhytte

Som du kanskje ser, er dette ikkje i hagen min, eg har ikkje plass :p Trur eg…. Men Pilstiklingane og Seljestiklingsane er faktisk alle saman, frå min vesle hage 🙂

Liiiit overgrodd Pil. Heilt med vilje, då eg hadde planar om å lage hytte 🙂 Vi burde ha gjort det før ho spratt ordentlig, håper det går. 🤞

Klipp klipp. Då er den klar til å flettast i ei fin hjarteform. Det gjer eg ein anna dag, for i dag er det dugnad på Ørsta andelsgard, og stiklingane skal dit!

Utrulig mykje som kjem av denne vesle buska. Er i nær slekt med selje, og like god mat for biene har eg forstått 🙂

Eg tenkjer at det er væirhardt i Follestaddalen, og fyller på med Selje, frå styvingstreet mitt 🙂

Bra last i bilen!

På dugnaden byrja vi med å jamne. Grave, snu torva å rake.

Legge papir.

Så eit relativt greit lag med grovmalt trevirke.

Finne midten. Feste tråd på stauren, og lage sirkel med stein.

Spett hol, og sett seljestiklingar i hola.

Fleire hol, fyll på med Pil og Selje. Nokre på skrå, så vert det tett og fint når dei veks seg til og vi får flette!

Vi hugsa inngang. Eg tykkjer det blei fint 🙂

Om dei veks godt, skal vi flette dei i saman i toppen. Neste vår. Kanskje? Men allereie ein fin gøymestad for ungane. Som forresten og sådde sukkererter til seg sjølv 🙂

Superflinke 🙂 Her skal det verte deira område i grønnsakslandet, blir flott!

Vi fekk gjort veldig mykje anna og på dugnaden, skal dele litt bilete når det veks seg til 🙂

Takk til Ørsta andelsgard og alle dugnadsdeltakarane!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s