Bokashi i bøtte

Det er ganske dyrt med Bokashi startkitt, med bøtter med tappekran. Og for min eigen del ser eg at eg treng ikkje tappekrana anna enn i vekstsesongen.

Eg angra og litt på at eg grov ned så mange bøtter i drivhuset i vinter. For no på våren, når eg etablerer nye bedd og karmar, då skulle eg hatt eit stort lager! Så no prøver eg bokashi i embalasjebøtte.

Lokket må vere heilt tett, og gjerne med matvaregodkjenning. Sjå etter dette merket 🙂

Elles er prosessen veldig lik den ein plar bruke med bokashibøtte med tappekran. Men ein treng noko til å suge til seg veske. Avis, papp, papir helst miljømerkt og ikkje av gjenvunne papir. Grunnen er at då får du litt mikroplast på kjøpet. Eg tru og tørt gras lauv vil fungere på same måte.

Så fyller du i dagens matavfall. Kaffigrut, skrell, ALLT går. Er det for vått, ha i meir papir. Stør på bokashistrø. Ei spiseskei per liter matavfall, eller meir.

Trykk ut lufta, og sett på lokket.

Så er det berre å fylle den heilt opp, sette den til sides i romtemperatur i minimum 14 dagar, så er den klar til bruk. Men den kan altså stå over vinteren, også utandørs, når den er klar 🙂

Klar til bruk, vil seie klar til å blandast og dekkast med jord. Sjølve jord omdanninga tek ca. 4 vike, ved ideelle forhold. Men eg plantar rett i, har ikkje tid til å vente på at det skal verte jord fyst! Kan vere lurt å dekke med eit kompostnett eller noko, i opne karmar eller bedd, i tilfelle eit dyr vil grave det opp igjen… Men eg har ikkje sett snurten av noko som liker bokashikompost i min hage.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s