Jau, no vert det kaldare. Var for godt til å vare. Det er meldt opp mot 15 grader brått fall!
Det er eg litt redd for skal gje uteoppalet mitt eit sjokk!
For å gjere overgangen litt mjukare, legg eg over glasa i natt. Desse har vore av både natt og dag i fineværet.
I vindaugskarmen har Gurkemeien strekt seg! Sjå her korleis eg gjekk fram for å sette denne 🙂 Del ein Gurkemeie og Ingefær
Litt greit med lenger vår, då måtte eg ha fleire frø!
Her skal det verte mykje godt for både oss og summande insekt!
Håper fleire vil følgje bloggen min! Nesten nedst på sida, finn du eit felt kor du kan legge inn epostadressa di 🙂 Og kommenter gjerne innlegga, også om du finn feil! I plantene si verd er der alltid noko nytt å lære 🙂