Kaniner, nyttig ugras og spreke frø

Vi henta kaniner 1.mai 🙂

Desse er av rasa New Zealand Red. Det er ei stor kjøtrase. Vi fekk med tre kaninunger som ungane elskar å kose med! Dei var allereie veldig sosiale, og kan sitte i ro på fanget uendelig virka det som.

Vi fekk og med ei lita hannkanin. Den får bu her til vi får ein større.

Kor lenge vi har desse kaninene får berre tida vise. Eg har dei for å produsere kjøt av ugras og kvist frå hagen. Dei er på ein måte levande kompostkverner. Går det bra, vil eg få fleire kull, og kanskje ha to ho kaniner over vinteren. Om det blir vanskelig, til dømes at dei stikk av støtt og stadig, eller må kraftfôr for å vekse, så slaktar vi dei.

Nokre synest at det er rart at eg vil ete mine eigne dyr. Men for meg fins det ikkje noko meir naturlig. Eg kan stå inne for korleis dei har hatt det og kva dei har ete. Slik vil eg ha det. Vi et ikkje mykje kjøt, men vi er ikkje vegetarianere, så for sjølvbergeren i meg, er å slakte eigne dyr, heilt sjølvsagt.

Eg sto ute å fylde så-potter med jord, i snøv!

For i posten har eg endelig fått eit litt sprekt utval av frø frå Sverige!

Eg måtte til dømes ha meir lilla i hagen!

Enda meir snøv skal kome i natt. Men det går fint, eg har ikkje planta ut noko særlig.

I ein pallekarm kjika Arielle tidligpotet fram 🙂

Dei får lokk i natt, sjølv om eg trur dei hadde greidd seg fint.

Kåloppalet mitt ute likte vindaugsrutene sine.

Litt usikker på om eg skal løfte inn sjøvvatningspottene. Dei står så fint i le, så trur dei greier seg. Eg har ikkje fylt på vatn sida eg planta ut. Fungerer veldig godt enda 🙂

Ugras. Sitat frå Bestefar gris, i barneserien, Peppa gris : «Ugras er ei frekk plante som veks på feil stad!!!!»

Men når dette ugraset er grønnkål. Så er det heilt greit for meg! Eg tok eit par og gav dei potter, så dei kan kome på «rett» stad seinare :p

Ordentlig tøffingar, som sniglane ikkje har greidd å kverka ein gang!

Litt greit at temperaturen roa seg litt, kan gjerne få litt sommar i sommar også! 🤣

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s