Mykje kjekkare å luke/klippe når eg kan gi alt sammen til kaninene! Eg har enorme mengder Skvallerkål, og det kan eg ikkje legge oppå grønnsaksbedda.
Skvallerkål, Løvetann, forvinnande lite gras, men for kaninene er det nam nam 🙂
Kåloppalet skal eg aldri ha på badet igjen, der er for varmt, sjølv utan varme på. Lampane varmer ein del.
Derimot dei kålplantene som har fått fleire vike kortare tid på seg, og står ute i sludd med glasrute over.
Så eg lyt skaffe meg fleire isoporkasser! Spar plassen på badet til varmekjære vekstar.
Klatrebønner for eksempel, dei toler lyset mitt godt!
Tomatane liker seg betre i vindauga i stovetemperatur.
Nokre har byrja å sette blomar!
Er ikkje så fole lenge til dei skal få kome ut i drivhuset. Ein gang mellom 17. Mai og 1. Juni tenkjer eg 🙂