Stakkarane likar ikkje sove temperatur. Desse er av sorten Alaskan Fancy. Heldigvis kan tomat pottast om sjå djupt ein berre vil!
Eg har fleire matembalasje-bøtter. Dei får duge 🙂 Fyst borer eg hol, litt opp på kanten av bøtta.
Då vert det plass til litt vatn i botnen, som eg fyller med hestemøkk med strø. Det er mogleg at strøet kjem til å stele nitrogen i nedbrytinga, men eg tek sjansen.
Eg fyller resten av bøtta med kompostjord frå hagen min.
Så lagar eg eit hol, og sett tomatplantene så jupt eg greier, utan å fylle stovegolvet med jord :p
Dei får tole å stå inne litt til, før dei skal ut i drivhuset. Til sist skal dei opp på altanen min, utan drivhus. Det er jo frilandstomat 🙂
Dagen etterpå ser dei allereie blidare ut, tykkjer eg 🙂 Godt med meir jord rundt røtene 🙂
Fyste gang eg forsøker tomat på friland, dette vert spanande 🙂