Jordbær, hausteklar Rabarbra, kjekk luking

I haust planta eg ut nokre jordbærplanter. Desse kjem som utløparar frå alle jordbæra eg har i hagen 🙂 Det går and å kjøpe nokre planter på eit hagesenter, og mangedobble talet på planter året etter! For plantene set mange avleggarar på lange utløparar tidlig på hausten.

Eg har dekt rundt plantene mine med gammal silo, og det trur eg dei likar godt 🙂 Når bæra kjem, slepp dei å henge ned på våt jord eller plast, og verte øydelagde på det viset.

Jorddekket har mange funksjonar. Det hindrar frøugras å spire. For jord finn ikkje desse flygande frøa. Jorddekke hindrar og fordamping, og gjer at ein må vatne skjeldnare eller kanskje slepp det heilt. Det regnar jo i blandt 🙂 Jordlivet får mat og ly, og desse gjer i gjengjeld næring og vatn tilgjengelig i passe mengd! Viste du at sopp i jorda verkar som rotforlengarar? Undergrunnsnettet til soppen kan hente næring langt unna. Du kan lese om dette fantastiske livet under jordoverflata i Jordboka 1, skriven av Dag Jørund Lønning 🙂 jordboka 1, link til haugenbok

(eg tener ikkje noko på å anbefale den)

Elles går kaninprosjektet sin gang. Unger og kaniner er både positivt og negativt. Kaninungane vert ihvertfall tame, dei vert behandla omlag som grasetande veskehundar… Eg håper berre at ungane har lært seg å ikkje miste taket på dei utandørs, før eg plantar ut kålen….

Eg har overfall vorte flinkare å luke i hagen etter dei kom! (les, riv av ugras med hendene, omlag som ei beitande ku…)

Og hønene vert sjalu, så då må dei og få seg ei bøtte grønt!

Rabarbraen, eller alle mine ørten rabarbraplanter, er klare for fyste hausting. Eg plukker alle stilkane, fleire gongar i sesongen. Dei nye som kjem er like god som dei fyste på våren 🙂 No måtte eg berre ta blomane, så ikkje plantene brukar opp næringa på å sette frø.

Litt nedtrykt er rabarbraen av snøen no i mai, men har gått relativt bra i hagen. Håper ikkje blomane på frukttrea fraus sønde, det får vise seg…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s