Kålen på badet misstrivast i stor grad. Alt for varmt! Og no er det ikkje meldt minusgrader på natta, så då får den flytte ut i drivhuset. Eg har ikkje varme der. Eg tenkjer og å bre over dei med fiberduk eit par netter. Dette for å herde dei litt saktare. Så dei ikkje får sjokk. Eigentlig skulle eg bore dei ut og inn, i dagesvis…. Berre gløym det, det får gå bra slik!
Nokre bønner, blomar og gulerøter blir og med ut!
Var fire brett til, med nyspira kål og etande blomar 🙂
Alt ut i drivhuset 🙂
Purre har eg og, den fekk ein hårklipp!
Blei til grønt på eggerøra det 🙂
Neste år held eg kålen ute, sjå kor flott den er!
Desse har aldri vore inne, sådd og spira ute!
Før eg legg meg, på med dyne og glasrute 🙂
Ein gamal, holete fiberduk, fleire lag, bør gjere susen som dyne 🙂
Mais, Tomat, Agurk, Squash, Paprika og selleri, dei får halde seg inne ei stund til!
Korleis går det med oppalet ditt?